mandag 5. mars 2012

SLIK STARTA DET

DEN FYRSTE MØTEBOKA I LAGSSOGA TEK TIL SÅLEIS:

"Daa det ikkje var nokort idrottslag i bygdi, tok ungdomslaget Valdresvarden upp arbeidet før aa faa til eit idrottslag. Det vart vald 6 mann til styre i idrottslaget. Desse held eit styremøte før aa ordne laget, det vart soleis:
          
           Halvor Braaten, formann
           Øistein Jarstad, nestformann
           Ivar Tvenge, kasserar

T.Reien, Kr.Tvenge og Nils Kvale vart styremedlemmer.
Det vart bestemt at laget skulle heite VESTRE SLIDRE IDROTTSLAG".

Det fins ingen datering for når møtet vart halde, men truleg var det i januar, for på neste side i møteboka er det ei resultatliste frå eit skirenn i Handebakka den 25.januar 1920.

Den fyrste møteboka går fram til 1930. Det vart tevla i hopp, langrenn og kombinert på vinterstid og friidrett med mellom anna terrengløp om sumaren.

Etter idrettstevlingane var det ofte fest med premieutdeling, står det vidare i møteboka.
Desse festane ga inntekt til laget, som til dømes den 1.mars 1925 då det var hopprenn "i den nye skibakken ved Slidretun. Eivind Tvenge vann klasse over 20 år og Olav Øraker klasse under 20 år. Um kvelden var det fest med premieutdeling paa foramlingshuset. Den indbragte brutto 190 kroner".

"Forsamlingshuset" som er nemnd, var gamle Slidrehuset som no er på Valdres Folkemuseum, og som låg mellom noværande klubbhus på Skogen og barneskulen.

IDRETTSNAVN 1920 - 1940

Halvor Bråten

Eivind Tvenge (1901-?)

Engel Nygård (1902-1981)

Olav Øyråker (1909-1986)

Eivind Hamre (1914-1995)


LEDERE I VESTRE SLIDRE IDRETTSLAG

1920-21    Halvor Braaten
1922         Eivind Tvenge
1923-24    Sigfred Værnes
1925-26    Engel Nygård
1927-29    Knut H. Ringestad
1930-60
1961         Sverre Vik
1962-63    Ola Kolbjørn Kvåle
1964         Knut L. Tvenge
1965-66   Jon Magnus Hjelle
1967        Tormod Torbergsen
1968-70   Reidar Finneberg
1971-72   Torleid J. Hjelle
1973        Stein Hamnes
1974-75   Herbjørn V. Søvik
1976-77   Trygve Rogn Hamre
1978-82   Oddvar Hovda
1983-87   Trygve Rogn Hamre
1988-90   Nils Anmarkrud
1992-93   Bjørg A. Gustavsen Riste
1994-98   Finn Helge Lyster
1999        Elisabeth Robsam Flaten

Her kommer en liten utfordring til deg som leser:
Er det noen der ute som kan skaffe fram møteprotokoller fra 1930 - 1960?
Ta kontakt med styret i hovedlaget!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar